barmen.no/LIVSNERVEN

 

Skal Ein SIKRE BUSETNAD oG VIDARE UTVIKLING PÅ BARMEN,  ER EIN AVHENGIG AV EI  BILFERJE

STASJONERT I BARMEN, MED GOD REGULARITET og minst LIKE stor  KAPASITET SOM I DAG

ANBODET ER AVGJERANDE!

I løpet av årsskiftet 2016/2017 skal styresmaktene sende ut nye anbodspapir for ferjestrekninga Barmen-Barmsund. Barmen, ytst i Nordfjord, er i dag ei levande øy i postiv utvikling. Skal ein sikre busetnad og vidare utvikling på Barmen er det heilt avgjerande at bilferja blir stasjonert på øya, har god regularitet og kan transportere større køyrety.

 

Kvifor skal ferja plasserast i Barmen?

Svaret på dette er beredskap. I dag når ferja er plassert i Barmen får ein raskt og effektivt transportert sjuke over til fastlandet eller hente brannbil/ambulanse over til ein skadestad på øya. Det er 15 kilometer veg på øya, og det bur folk så høgt som 130 m.o.h. Då seier det seg sjølv at ein er avhenging av bil for å kome seg fram.

 

Kvifor må bilferja ha minst like god regularitet som i dag?

Slik som det er i dag, kan ein bu på Barmen og ha arbeid på fastlandet. Det er òg mogleg for born og unge å vere med på aktivitetar på fastlandet på ettermiddag/kveldstid. Med ein reduksjon av regulariteten, blir det i alle fall vanskeleg for bornefamilar og arbeidstakarar å bu på Barmen. Det er verdt å merke seg at det årleg reiser over 6.000 bilar med ferja til Barmen, og det har dei siste åra vore ein stigande tendens. Barmen er ei turistøy med over 1.500 gjestedøgn i året, og skal ein utvikle denne næringa vidare er ein avhengig av eit godt ferjetilbod.

 

Kvifor må bilferja ha minst like stor kapasitet som i dag?

Skal ein halde fram med den positive utviklinga på øya, er det viktig at ein får større køyrety med varer og materiell til byggjeplassar og næringsverksemder. Det blir blant anna transportert mjølk ut av øya kvar tredje dag.

 

Korleis er det på Barmen i dag?

Det er 31 fastbuande på øya. Av dette er det fem skuleborn som nyttar ferja til skuleskyss. Åtte-ti av innbyggjarane nyttar ferja dagleg til og frå arbeid. For å få eit inntrykk av både geografi, næringsliv og folket på Barmen er det nok best å sjølv besøkje øya. Så det er berre å ta turen. For å hjelpe litt til og vise kva de har i vente kan de under sjå ein liten presentasjonsvideo av kvar av dei fire bygdene på øya, Barmen, Røyset, Vikja og Fjellet.

 

BARMEN - grenda ved ferjeleiet

Barmen er den første bygda ein kjem til med ferja. Dette er den største bygda på øya. I tillegg til at ferjeselskapet som i dag driftar ferjesambandet, finn ein her fleire turistverksemder som driv med både båtutleige, hytteutleige og fiskeopplevingar. Her bur det både skuleborn og vaksne som pendlar til fastlandet kvar yrkedag. På dei fleste bruka held ein gammalnorsk sau, slik at grenda er fin og grøn. (Video: Håvar Fagerli)

RØYSET - grenda nord på øya

Etter ein fem kilometer lang biltur langs Røysetstranda kjem ein til jordbruksbygda Røyset.  Her er gardsbruk som driv med mjølkekyr, hytteutleige og maskinentreprenør. Frå denne bygda dagpendlar det fleire til arbeid på fastlandet. (Video: Håvar Fagerli)

VIKJA - grenda mot storhavet

Vikja ligg fint til ved storhavet, 4,7 km frå ferjekaia i Barmen. I den idylliske bygda er der både mjølkebruk og turistverksemd. (Video: Håvar Fagerli)

FJELLET - grenda 130 m.o.h.

Fjellet, eller Myklebust, ligg 130 m.o.h. og 4,5 kilometer frå ferjekaia i Barmen. Her bur det både skuleborn og vaksne som pendlar til fastlandet kvar yrkedag. Her er det gjestehus med matservering, den største besteninga av gammalnorsk spælsau i regionen, hytteutleige, grendahus og eit lite medieselskap. (Video: Håvar Fagerli)

SKJOLDEN- friluftsområdet

Barmen er kåra til det mest attraktive friluftsområdet i Selje kommune. Den høgste fjelltoppen på øya, Skjolden (545 m.o.h.) er eit populært turmål i regionen og er på turprogrammet til Ytre Fjordane Turlag. (Video: Håvar Fagerli)

NÆRINGAR PÅ ØYA / LENKJER

BARMEN MASKIN AS

INGMAR SOLVÅG

SAUEN.NO

Maskinentreprenør. Service/vedlikehald på båt, motor, maskin. Registrert EL-føretak.

Mjølkeprodusent. Sagbruk. Mjølketransport. Turistvert.

Sauebruk på Fjellet (Kariann og Håvar Fagerli). Gammalnorsk spælsau. Livdyr. Slakt. Skinn.

TORBJØRN SOLVÅG

URLAUBSINSEL

BARMØY GJESTEHUS

Mjølkeprodusent. Sauehald. Snøbrøyting. Vegvaktar. Sagbruk.

Turistverksemd drive av Heidi og Jürgen Maasberg.

Gjestehus med matservering og konferansetilbod.

Drive av Tove Måløy og Tor Ivar Østreng.

HÅVAR FAGERLI / FJELLAR

BARMØYFERJA A/S

BARMØY BYGDELAG

Frilansjournalist. Fotograferande og skrivande sauebonde. Droneoperatør. Nettsidespøtar.

Reiarlag med fire tilsette som driftar sambandet Barmen- Barmsund.

Driftar og eig Barmøy grendahus som arrangerer konsertar, dans og kino. Utleige til arrangement.

Ein av dei eldste runesteinane i Sogn og Fjordane finn ein på Barmen.

For å få brannbilar og ambulansar til øya treng ein sjølvsagt bilferje. Les her om då eit heilt grannelag på Fjellet vart innlagt på sjukehus.

Fiskekort i Fjellvatnet og Heidavatnet. Utleige av hjorrtejakt

foto, drone, video, redigering, tekst, webutforming: Håvar Fagerli / fjellar.no