Barmen.no

 

Barmøy bygdelag Foto: Håvar Fagerli
Restaurant med sjarm og varme på Fjellet

Vertskapet: Tove og Tor Ivar inviterte heile øya til middag. (Foto; Håvar Fagerli)

(Foto: Håvar Fagerli)

barmen.no: Håvar Fagerli

30.03.2014

Svein Røyset, som vaks opp huset som i dag er Barmøy gjestehus, var sjølvsagt den første som fekk servering av  gründer  og kokk Tove Måløy.

Gründarane bak Barmøy Gjestehus, Tove Måløy og Tor Ivar Østreng, opna søndag 30. mars 2014 den aller første restauranten med alle rettar på øya. På menyen var ein heilt fantastisk hamburgar med tilbehør. Til dessert  fekk ein kjøpt ostekake med kaffi. Maten fall i god smak hjå alle restaurantgjestene som barmen.no snakka med denne søndagen. Og det var berre godord om servering og sørvis frå vertskapet.

 

Barmøy Gjestehus har òg serveringsløyve for alkohol, og difor kunne gjestene nyte god drikke til svært god mat denne søndagen. Vertskapet fortel at dei også planlegg å drive pub nokre kveldar. Barmen kan difor no skilte med både restaurant i særklasse og pub på øya.

 

Barmøy Gjestehus håpar at fleire frå fastlandet no finn vegen til Barmen for gode matopplevingar. Skulle maten vere så god at ein ynskjer å overnatte, kan vi nemne at Barmøy Gjestehus også tilbyr dette.

 

Barmen.no sin matmeldar oppsumerer restaurantbesøket på denne måten:

 

 - Fantastiske smakar, i eit stilfullt interiør, med eit svært hyggeleg vertskap, til trivelege prisar, kvalifiserer sjølvsagt til ein seksar på barmen.no si første restaurantvurdering.

 

 

 

Middag: Hamburgar med tiilbehør. (Foto: Håvar Fagerli)

Middag: Middagen smakte fantastisk.  (Foto: Håvar Fagerli)

Dessert: Ostekake og kaffi (Foto: Håvar Fagerli)

Gåve: På vegne av heile øyfolket gav Audny og Arnhild ei gåve til Barmøy Gjestehus, og ynskte den nye verksemda lukke til.  (Foto: Håvar Fagerli)

Restaurant i nabolaget:  Fjellarane har no gangavstand til ein gourmetrestaurant. (Foto: Håvar Fagerli)

Lurer de på meir om arrangement i regi av Barmøy Gjestehus, kan de gå til nettsida deira:

 

Les meir om Barmøy Gjestehus her

 

Sjå meir om øyprogrammet til Barmøy Gjestehus her.

barmen.no © 2017

Sida er utforma av ein fjellar