Barmen.no

 

Barmøy bygdelag Foto: Håvar Fagerli
Barmøy bygdelag 6715 Barmen
Opna huset for heile øya

(Foto: Håvar Fagerli)

Meir om Barmen og ferjetilbodet.

Vertskapet: Tove og Tor Ivar inviterte heile øya til middag. (Foto; Håvar Fagerli)

barmen.no: Håvar Fagerli

30.03.2014

På sjølvaste Valentinsdagen inviterte Tove og Tor Ivar heile øya til offisiell opning av Barmøy Gjestehus. Vertskapet tok sjølvsagt i mot alle dei 30 gjestene med både kjærleik og nydeleg mat.

Gründarane bak Barmøy Gjestehus, Tove Måløy og Tor Ivar Østreng, har lagt ned mykje arbeid i restaurering av garden Myrane på Fjellet. I dag kan dei tilby overnatting og servering i Barmøy Gjestehus, som er totalrenovert tilbake til 1900-stil.

 

Fredag 14. februar inviterte dei heile øya, både fastbuande og hyttefolk, til ope Gjestehus. Dei som ikkje hadde vore inne i huset etter totalrenoveringa vart imponerte over kor flott Tove og Tor Ivar hadde innreidd det staselege huset. Vertskapet serverte ein fantastisk god middag, og folk kosa seg langt utover kvelden.

 

Det kreative paret hadde òg laga ein artig quiz, som utfordra deltakarane med mange gode lokale spørsmål. Blant anna spørmålet om kor mange brannsløkkingsapparat det er i salongen på Barmøyferja vart grundig diskutert. Det var framlegg om synfaring på ferja i løpet av quizen, då fleire av laga ikkje vart samde om svaret. Synfaringa vart avlyst, då den eine matrosen stadfesta at det er tre brannsløkkingsapparat i salongen.

 

God steming var det heile kvelden, og steminga vart ikkje dårlegare då husorkesteret henta fram gitaren.

 

Vi som vart  inviterte, takkar Tove og Tor Ivar for ein fantastisk kveld, og håpar at mange finn vegen til Barmøy Gjestehus i åra som kjem.

 

Les meir om Barmøy Gjestehus her

Sjå meir om øyprogrammet til Barmøy Gjestehus her.

 

God stemning: Både store og små hadde ein super kveld på Barmøy Gjestehus. (Foto: Håvar Fagerli)

Middag: Middagen smakte fantastisk.  (Foto: Håvar Fagerli)

Gåve: På vegne av heile øyfolket gav Audny og Arnhild ei gåve til Barmøy Gjestehus, og ynskte den nye verksemda lukke til.  (Foto: Håvar Fagerli)

Godt besøk: Barmen.no har utruleg nok ikkje fått inn meldingar om forveksling av sko då folket gjekk heimatt på kvelden/natta  (Foto: Håvar Fagerli)

 

barmen.no © 2017

Sida er utforma av ein fjellar