Barmen.no

 

Barmøy bygdelag Foto: Håvar Fagerli
Barmøy bygdelag 6715 Barmen

God trafikkauke for Barmøyferja

Illustrasjon/foto: Håvar Fagerli

Meir om Barmen og ferjetilbodet.

barmen.no: Håvar Fagerli

21.01.2017

Barmøyferja har dei siste åra hatt ei god trafikkauke på både personbilar og passasjerar. I løpet av 2016 reiste 6.951 personbilar med ferja mellom Barmen og Barmsund. Dette er ei auke på heile 1.099 bilar i forhold til 2014. - Dette er gledelege nyhende, og trafikkauken viser at øya er inne i ei positiv utvikling, seier representantar frå Barmøy bygdelag og Barmøy grunneigarlag til barmen.no

I 2016 reiste 14.476 personar mellom øya og fastlandet. Dette er over 1.000 fleire enn for to år sidan. I tillegg har 94 lastebilar reist med ferja i 2016.

 

Barmen.no har ikkje noko eksakt forklaring på trafikkauken med Barmøyferja, men trur det kan ligge fleire forklaringar bak dette. Barmen er ei attraktiv turistøy, og fleire turistverksemder på øya driv godt. Barmøy bygdelag arrangerer både kino og andre arrangement som dreg folk til øya.  Innbyggajartalet har stige noko. Talet på arbeidspendlarar med ferja har auka dei siste åra. Barmen er kåra til det mest attraktive friluftsområdet i Selje kommune, og er eit populært turmål. Alt i alt provar dette at Barmen er ei levande øy i postiv utvikling som er heilt avhengig av bilferja.

 

De kan lese meir om både øya og ferjetilbodet til Barmen her.

 

 

Illustrasjon/foto: Håvar Fagerli

barmen.no © 2017

Sida er utforma av ein fjellar