Barmøy bygdelag Foto: Håvar Fagerli
Barmøy bygdelag 6715 Barmen

Grendahuset i ny drakt

Meir om Barmen og ferjetilbodet.

Foto: Håvar Fagerli

barmen.no: Håvar Fagerli

07.08.2016

Grendahuset har hatt gode dagar i sommar. Det toppa seg med nymåling den første veka i august. I tillegg er nytt inngangsparti under arbeid og parkeringsplassen er allereie utvida.

Med dugnadsleiar og målarmeister Tor Ivar i spissen har bygdefolket  dei siste dagane stelt svært godt  med grendahuset dei er så glade i. Heile huset er no nymåla, og ligg berre og smiler attmed Fjellvatnet.

 

Ein dugnadsgjeng er òg godt i gong med å lage nytt inngangsparti til huset. Planen er at det det skal no bli enklare for rullestolbrukarar å kome seg inn i huset.

 

Tidlegare i år har Barmen Maskin AS bygd ut parkeringsplassen ved huset.

 

 

 

Dugnadsfolket vart trakterte med både kaffi, sveler, pølser og is.

 Foto: Kariann Fagerli

Å finne farge til eit grendhus kan vere ei utfordring. Barmen.no anbefalar lesarane å sjå huset med eigne auge før dei rettar eventuell kritikk av fargevalet.

.Foto: Håvar Fagerli

Barmen Maskin AS har opparbeidd ein flott og stor parkeringsplass ved Grendahuset.

Foto: Håvar Fagerli

barmen.no © 2017

Sida er utforma av ein fjellar