FINT BESØK I BARMSUNDET (11.04.2012)

barmen.no: 11.04.12   

2.påskedag, 9. april 2012, fekk to barmagutar ei flott naturoppleving på sjøen ved Barmen. Tor og Kjell vart vitne til fem-seks spekkhoggarar som jaga sild i Barmsundet.      (Foto: Kjell Hagelid)

 

Spekkhoggarane viser seg som gode jegerar. Ferjekaia i Barmsund i bakgrunnen.     (Foto: Kjell Hagelid)

 

Ein sel (havert) dukka opp blant spekkhoggarane     (Foto: Kjell Hagelid)

 

Selen frykta nok å bli kvalmat, og søkte difor tilflukt langs båten. Fotografen fekk klappa han på ryggen, men då glefsa han tilbake.     (Foto: Kjell Hagelid)

 

Tusen takk til Kjell Hagelid og Tor Evjen som deler denne flotte opplevinga med barmen.no!!!

     

Tilbake