barmen.no: Håvar Fagerli, 26.06.05.          

 

Jonsokfeiringa vart i år flytta frå 23. til 24. juni. Dette var ei klok avgjersle av "Bevare meg vel" som stod som arrangør. Sjølv om det var litt kaldt, var veret mykje betre enn dagen før då det var kuling og regn. "Bevare meg vel" hadde laga sveler og rømekolle som smakte heilt fortreffeleg. Det vart sett opp ein betalingsautomat som glei svært godt inn i miljøet. (Sjå biletet til venstre).

 

På førehand hadde "Bevare meg vel" kalla inn til dugnad, og det var blitt veldig fint rundt Ekrenaustet på Røyset. Den nye grillen, laga av Gunnar Solvåg, var veldig populær. Her kunne ein sjølvsagt få grilla det ein ville ha, men ein fekk også ein fin samlingsplass og mykje kjærkomen varme frå grillkola. Godt jobba, Gunnar!

Sidan det var eit arrangement i regi av "Bevare meg vel" vart det leika ein heil del. Vi hoppa sekkeløp og sprang potetløp og heldt varmen fram til Svein Røyset fyrte opp bålet. Ein svært kjekk kveld på Røyset trass det kalde veret.

Aslaug Barmen las diktet "Det gamle naustet" av Hermann Joahnsen-Hofstad. Dette var eit svært passande dikt som vart flott framført av Aslaug heilt i starten av jonsokfeiringa.

 

 
.

Det gamle naustet

 

av Hermann Johansen-Ofstad

..

 

Det knirkar i døra til det gamle grå naustet

Innom veggen er det skumring i kvar einaste krå

Det knakar i golvplankar som ligger lause

Der han Bestefar eingong trødde golvet I det grå

Og garna og lina om dei kunne tala

Og fortelja om den gong dei fangstane tok

Om stortorsk og Lange og uer og Pala

Det vart "Storhundre" skrive i kjøparens bok.

.

 

I naustet heng alle slags garnbruk på råa

Som gjorde tjenest i karrige fattige kår

Det står attglømt og bortgjømt ein Færing i kråa

Den er merka av seilas i ei tid som var hård.

Og utanfor veggen til det gamle grå Naustet

Bærer svaberga merka av tider som var

Av støvlar med heljarn frå fedrane trauste

Frå Oldefars dagar og stega hass far.

.

 

Tenk om ei soge fortelja dei kunne

Den gamle og velbruka sildenot

No heng den oppmorkna i Naustet oppbunne

Om minner om fortid og mannemot.

Det er som  ei hildring som står att I lufta

Der er riss av forfedranes kvardag og strev

Her rudda dei støa og heimen sin tufta

Her fekk dei med blodslit sitt adelsbrev.

.

 

Ja, ein gong var det livleg ved Naustet og støa

Det var båtar og fisk kvar einaste dag

Men no er det ingen som sjøvegen trøa

Berre villgress og mose gror lag etter lag.

.  

 

     

     

     

     

     

 

 

Tilbake