"Bevare meg vel" (undergruppa til bygdelaget) slo til igjen. Denne gongen laga dei til jonsokfeiring ved basen sin: Ekrenaustet på Røyset. 50 møtte opp, og dei fekk rømegraut, kaffi og kaker frå både franske og "barmske" kjøken. 
barmen.no: Håvar Fagerli, 23.06.04 (2359)
Tidlegare har vi feira jonsok litt rundt på kvart vårt nes, men i år bestemte Audny og Astrid med fleire at vi skal samlast på Røyset i det nyrestaurerte naustet til Lars B, Ekrenaustet. Dette naustet fungerer no som ei avdeling til bygdemuseet på Barmen. (Les meir om Ekrenaustet her.)
Klokka 18  parkerte barmarane forhaustarar, fiskehåvar filetknivar og ferja (til neste rute) og reiste til Røyset. Rømegrauten var kokt på førehand rundt om i ulike kjøken på øya. Og dei som smakte frå fleire panner, kan stadsfeste at barmarane verkeleg kan å lage festgraut. Smakfull mat i veldig kjekt selskap. 
Rømegraut har ord på seg for å vere feit og god mat. Nokre i festlyden hadde også fått med seg dette, og laga til leik på vegen ovanfor naustet. No var det tid for repetisjon av leiken "Kari og Knut". Det vart eit lite ordskifte om reglar denne gongen også (jamf. supperådet). Då alle var samde om kva retning ein skulle springe og kven som skulle springe, var ein klar til å leike. Men kva skulle ein rope før ein sprang?  Mange ulike og fargerike kommandoar vart foreslegne . Ein vart til slutt samde om denne ramsa: " Kari og Knut, siste par ut, sprut ut!" Nokon prøvde også å rope "full sprut" til slutt, og då vart forvirringa total, og alle sprang. Etter litt prøving og feiling vart det leika på relativt høgt nivå. Men det trengs likevel meir trening, og vi ser fram mot neste samling ved Ekranaustet, og utprøving av fleire leikar som er i ferd med å gå i gløymeboka.
Det vart også servert god kaffi frå kaffitraktar sponsa av Arnhild, gode heimelaga kaker, grillmat. Eine kaka var av ei hemmeleg fransk oppskrift (som i løpet av kvelden ikkje vart så hemmeleg lenger), og god var ho. 

Tusen takk for endå ein kjekk samankomst ved Ekrenaustet. 

Tusen takk til "Bevare meg vel" for gode initiativ og godt arbeid!

Klikk på bileta for å sjå dei i større utgåve. Litt ventetid. Trykk på krysset i høgre hjørnet for å late att biletet.                tilbake