ARKIV

VELKOMSTFEST FOR DEN NYE FERJA PÅ SØNDAG 04.06.

Halvdan, Tor, Stig og Børje reiste onsdag kveld frå Tromsø mot Barmen med den nye ferja. Ein er no i gong med å lage til ei skikkeleg mottaking på søndag. Jungeltelegrafen vil gå på søndag, så ikkje ver for langt borte frå telefonen! Les innkallinga her.

 

(:RESULTAT FOR BARMEN.NO I JUNI 2004: 1060 BESØK OG 703 KLIENTADRESSER:)

 

DEN NYE FERJA SNART PÅ VEG MOT BARMEN!

Ferjeselskapet fortel i dag at den nye ferja, Flatøy snart er på veg mot Barmen. Handelen er i boks, og ferjeselskapet reiser til Troms for å hente ned den nye ferja. Ferja skal i tørrdokk før ho kjem i rute i månadsskiftet juni-juli om alt går som planlagt. (Klikk på biletet for større utgåve).

Her kan de lese tekniske data om "Flatøy"                            H. Fagerli  17.06.04 (1817)

 

FYLKESUTVALET SAMRØYSTES FOR NY FERJE!

Fylkesutvalet var måndag 07.06.2004 samrøystes om at ein skal løyve 600 000 og auke det årlege tilskotet til ferjesambandet Barmen-Barmsund. Fylkesutvalet bestemte seg altså for alternativet som er meir framtidsretta enn kjøp av ny motor i den gamle ferja. Ferjeselskapet er no inne i forhandlingar med skipsmeglar, og barmen.no vil melde i frå så fort den eventuelle handelen vert gjennomført. 

Det vart også bestemt at Fylkeskommunen betaler leiga av reserveferja "Jøa" med kr. 166 000.

Brevet næringslivet  sende til Fylkesutvalet kan de lese her.

Les møteprotokollen frå Fylkesutvalet 07.06.08 her.                                           H. Fagerli 08.06.04/12.06.04

 

"BARMEN" I RUTE ATT PÅ TYSDAG.

"Gamleferja" vart reparert til tysdag 15.06. og vart då sett inn i normal rute. Dette vil seie at det vil vere bilferje på sambandet kontinuerleg til den nye ferja vert sett inn i drift. Ferjeselskapet er framleis i arbeid med å forhandle fram ein handel på den aktuelle ferja.                   H. Fagerli  15.06.04 (2000)  

 

ORDFØRAR GUNN R.V. HELGESEN GRATULERER. 

.

Det er ikkje berre på Barmen gleda er stor for at ein endeleg kan kjøpe ei ny ferje til sambandet. Dette er viktig for heile kommunen, og ordføraren møtte personleg opp med blomar og gode ord på rim til Ferjeselskapet.

Les kortet ordføraren gav til ferjeselskapet her.   

H. Fagerli  11.06.04 (2000)  

 

FYLKESUTVALET BEHANDLAR FERJESAKA MÅNDAG 07.06.

Fylkesutvalet skal på måndag ta stilling til om ein skal gje løyvingar til kjøp av ny ferje eller kjøp av ny motor på  "Barmen". For meir informasjon om sakspapir og tilrådingar kan ein sjå på nettsida til Sogn og Fjordane Fylkeskommune.                                                                                                  H. Fagerli 02.06.04 (2115)

 

RESERVEFERJA JØA PÅ PLASS

Reserveferja går no i rute etter vanleg ruteoppsett til det er avklart kva som vil skje med "Barmen". Reserveferja er bemanna av eigarane, medan ferjeselskapet frå Barmen tek seg av billettar o.l.

H. Fagerli 28.05.04 (1700)

 

RESERVEFERJE FRÅ FREDAG 28.05.

 

Motoren i BF Barmen må bytast ut. Dette er ein stor og kostbar operasjon, og ein må difor truleg vente ei stund før ferjeselskapet er tilbake med ei ferje i drift.

Ferjeselskapet var i dag på Skei i møte med Fylkeskommunen der framtidige løysingar vart drøfta. Det kom ikkje noko løysing i dag, men det er lagt fram to alternativ; kjøp av ny ferje eller byte ut motoren i bilferja Barmen. 

Det vart i dette møtet bestemt at det skal setjast inn ei reserveferje på sambandet som skal gå etter ordinært ruteoppsett. Det vil seie at frå og med fredag vil BF Jøa trafikkere Barmen-Barmsund. Jøa er ei litt større ferje med plass til 12 bilar............................................................................................................

barmen.no: Håvar Fagerli (26.05. kl. 2100)

 

HONNØR TIL FERJESELSKAPET

Bygdelaget vil rose ferjeselskapet for innsatsen med å transportere bilane over til fastlandet etter motorhavariet. Med hjelp av MOB båten til Redningsselskapet fekk ein slept ferja over med bilane, slik at barmarane kunne kome seg på arbeid og gjere  andre ærend. (27.04.04)

 

Årsmøtet 17. mai Småbruk til sals på Barmen Våren er dugnadstid

.

BARMATREFF??

Harald Myklebust vil gjerne lufte tanken om å arrangere eit treff for alle som har røter tilbake til Barmen. 

Ein har no laga liknande treff på Silda og ytre Stad. 

Ideen er å prøve å samle så mange barmarar (utflytta, 2. genrasjons, inngifte, etterkomarar osv) som mogleg. Om  fleire tykkjer dette høyrest spanande ut, er det berre å ta kontakt med barmen.no eller Harald.

.

1000 BESØK I MÅNADEN 

Statistikken viser ein stor vekst av besøk på nettsida vår. Det har vore ein jamn auke sidan sommaren i fjor. I juni 2003 hadde vi 253 besøk/månad, medan vi i same månad i år ligg an til å passere 1000 besøk/månad. Av dette er det om lag 600 klientadresser. Det vil seie at 600 ulike datamaskiner har vore innom barmen.no ein eller fleire gongar. I mai vart sida brukt 801 gongar, det vil seie eit gjennomsnitt på 25 besøk per dag.Dette viser at det er fleire enn barmarane sjølve som interesserer seg for Barmen.                             H. Fagerli  16.06.04 (2014)

 

Biletet til venstre heiter "Death - A Faded Memory Of Persistence" og er laga av Tomas Mjånes Myklebust (17).

Tomas deltok på Ungdommens kulturmønstring i Selje med biletet der han gjekk vidare til fylkesmønstringa. Blant 79 bilete frå heile fylket vart Tomas sitt bilete plukka ut som eit av dei beste, og fekk med det delta på landsmønstringa i Trondheim 21. -23.05. 

Biletet er teikna på datamaskin og har ikkje nokon spesiell bodskap, seier ein glad fjellar over mobilen.

Det vert ikkje kåra nokon vinnarbilete på Ungdommens kulturmønstring, men ein får sjansen til å vise fram talentet sitt saman med andre ungdommar frå heile landet.

Barmen.no gratulerer og ønskjer lukke til vidare med både musikk og framtidige kunstverk.

 

NY "BARMEN"?

Fjordenes Tidende skriv fredag 16 februar at Selje kommune er positive til at reiarlaget skiftar ut ferja eller motoren i den gamle ferja. Dette vil føre til behov for eit auka driftstilskot. Formannskapet vil no arbeide med å få til eit samarbeid med fylkeskommunen med å dekkje inn dei ekstra kostnadane.

Les artikkelen frå Fjordenes Tidenede 16.02.

 

 

KARNEVAL I SKULEN 14.02.

Les meir

 

 

 

 

REKORDÅR FOR BF "BARMEN"

18937 passasjerar og 8074 bilar i 2003.

Les meir..

 

 
 

 

Les meir om juletrefesten i Grendahuset 28.12.

 

JULEGRANA ER KVEIKT!

Julegrana på ferjekaia vart kveikt i godt vestlandsver fredag 28.11. Nemda hadde diska opp med gløgg, kaffi, brus og julekaker. Etter litt allsong og god prat  kunne vi gå heim med ei god førjulsstemning.

På biletet ser vi dei yngste barmarane kose seg ved sida av julegrana. (Klikk på biletet for å forstørre det).

 
 

Les om den den vellukka salsmessa i grendahuset søndag 16.11. 

Les meir....

 

TRIVELEG BARMADAG

 

Les meir....

 

 

Vi vil behalde ferja!

Innbyggjarane på Barmøy er avhengig av eit ferjetilbod som vi har i dag. Sidan det no er planar om omlegging av rutetilbodet er vi bekymra for framtida. På grunn av dette har bygdelaget sendt to brev til ordføraren i Selje.

Les breva her:

Brev 1                          Brev 2

 

Produsert av Håvar Fagerli