Hovudside
Informasjon
Fiskekort
Desinfisering
Ferjeruter
 

Utleigar:

Barmøy grunneigarlag

 

Bar,,,dddBaB

 

22.03.2012:

Fjellvatnet er stengt for fiske grunna islagde vatn.

Opning blir annonsert på barmen.no

Vi gjer merksam på at det no er ein meir normal bestand av fisk i Fjellvatnet, mot tidlegare år då det har vore ein unaturleg stor bestand. Dette skuldast at det ikkje lenger er røming frå oppdrettsanlegg i vatnet. No er det vanleg brunaure som dominerer i vatnet, mot regnbogeaure tidlegare år. Regnbogeauren er kjend for å vere glupsk og bite på det meste, og det blir då naturlegvis litt lenger mellom nappa. Vi håpar at vi med tida skal få opp ein god bestand av brunaure i Fjellvatnet. Vidare vil vi legge til at Fjellvatnet framleis legg opp til dei gode naturopplevingane, sjølv om det ikkje er fullt så mange napp som for nokre år sidan.

På vegne av Barmøy grunneigarlag, Håvar Fagerli.

 

15.03.2012: Fjellvatnet er opna for fiske!

 

24.05.2010: Det er no observert fiskarar som nyttar reker som agn. Grunneigarlaget vil understreke at det er forbode å nytte alle slags matvarer som agn. Einaste lovlege organiske agn er mark frå Barmen.

Angeln mit Garnelen und Mais sind verboten! Lebensmittel können nicht als Köder verwendet werden. Danke!

29.04.2010: Grunneigarlaget informerer om at det er strengt forbode å nytte mais som agn i Fjellvatnet og Heidavatnet. Grunneigarlaget fortel at mais er tungt fordøyeleg og unaturleg føde for fisken, i tillegg til at fiske med mais øydelegg for andre fiskarar som nyttar lovleg agn som mark og sluk. Når det er sagt, vert det meldt om svært godt fiske i Fjellvatnet. Dei som melder dette har brukt lovleg agn som mark frå Barmøy, spinnar og sluk. Hjarteleg velkomne til ei god fiskeoppleving - UTAN mais!

10.04.2010: Fjellvatnet er ope for fiske.

 

Velkomen til Barmen og gode fiskeopplevingar. Øya Barmen som ligg heilt ute i havgapet omkransa av Stadhalvøya i nord og Vågsøy i sør. Barmen er blant anna kjend for gode vatn til ferskvassfiske. Fjellvatnet som ligg ved grendahuset på øya er kanskje det mest brukte sidan det ligg ved bilvegen. Heidavatnet ligg høgare, og her får ein seg ein liten trimtur før ein kan kaste snøret ut i. Som ein kan sjå av bileta kan Fjellvatnet i tillegg til god fangst gje gode naturopplevingar både på dagtid og i måneskin.

 

Fjellvatnet ligg innbydande til i vakre haustfargar.