- EIN FANTASTISK DAG PÅ BARMEN

barmen.no:  05.08.11

Tusen takk til Bjørn Skoge som har sendt oss flotte bilete og skildring frå ein kjekk blåtur til Barmen:

"Ein kry fiskar"

Terje fyller 60 år i år, då kjem det store spørsmål; kva gir vi ein som har alt? Jau til ein som likar å fiske går reisa til Barmen. Vi avtalte dag og reiste tidleg om morgonen, Terje visste ikkje kvar vi skulle og han visste heller ikkje at vi skulle fiske, turen gikk mot sør, ferje frå  Årvika, vidare forbi Fiskå, Åheim, vidare retning mot Selje, til venstre mot Måløy og der var der ei ferjekai det sto til Barmen på. Den ferja følgde vi, det vart litt nostalgi, akkurat slike ferje so gikk heime for 40 år sidan.

"Nostalgi"

Ops, der byrja matrosen å snakke om at dokke skal vel fiske når dokke er på Barmen. Nei, vi skal ikkje fiske, vi er berre på tur. Køyrde i land for å sjå på naturen og der kom vi til eit desinfeksjonsanlegg for fiskeutstyr og troder vart trylla fram frå bagasjerommet. Terje vart jaga bort i åkeren for å spade makk  og so var det å leite etter ein eigna fiskeplass, vi for bort til grendahuset, der var både rastebord og grue, så vi heldt til der og fekk laga oss litt mat før vi byrja fiskinga. Så sende vi våre betre halvdelar på fjellet, dei skulle bestige Skjolden og vi gikk ned til vatnet og så byrja moroa.

"Fiskevatna"

På fjerde kastet med sluken fekk eg mitt livs napp, etter eit par turar ut og inn hivde eg i land den største kreda eg nokon gong har fiska. Vi fiska utover dagen og fekk ein del småfisk, men tett før vi skulle lage oss middag fekk Terje også ei fin krede, og det var ei ekte krede, dvs. ikkje oppdrettar.

"Ein glad 60-åring"

Etter middagen tok eg meg ei pause frå fiskinga og gikk på Skjolden, når eg kom nedatt hadde Terje fått ein stor ål, kva gjer vi då? Ferskvatnsål er freda i Norge og denne hadde svelt ongelen så det var ikkje råd å løyse den, men heldigvis var der nokre tyskera  og dei vart glade for å få ein ål. (Så får vi håpe dei opererte ut ongelen og sleppte den fri.)

Når vi reiste heimatt var vi alle einige om at dette hadde vore ein fantastisk tur.

                                    Mvh. Bjørn

     

Tilbake