EIN TRENG IKKJE REISE LANGT FOR Å FISKE STORLAKSEN (05.09.2010)

barmen.no: Håvar Fagerli  05.09.10   

Bjørn på ferja er som kjent ein ivrig sportsfiskar, og det å jobbe på ferja har sine fordelar.

   

Fredag 3. september 2010 såg ut til å bli ein heilt normal arbeidsdag om bord på ferja ”Barmøy”. Bjørn stod som vanleg framme i baugen då ferja skulle legge til ved Barmsund på første ruta.

Framme ved kaia skimta Bjørn nokre krusingar i den stille sjøen. Ferja kom nærare, og den ivrige fiskaren fekk då stadfesta det han trudde. Heilt inne med land i Barmsund sumde ein stor laks. Bjørn kika nærare etter, og forstod at grunnen til at fisken oppførte seg slik var at han var hardt angripen av lakselus.

Ferja returnerte til Barmen, og Bjørn henta fiskestonga,  som stort sett alltid ligg klar i bilen. Laksen hadde ikkje flytta seg mykje då ferja kom attende til Barmsund. Ferja la til kai, og Bjørn tok med seg stonga i land. Fisken ville ikkje bite på agn, men Bjørn var ikkje rådlaus. Han festa ein makkekrok i enden av stonga, og kasta mot laksen. Kroken klora seg fast i laksen, og fisken var dregen i land med erfarne fiskenevar.

Bjørn kunne då returnere til Barmen med ferja med ein laks på heile 7,9 kg. Bjørn fortel til barmen.no at laksen var hardt råka av lus i hovudet, men var likevel godt etande. Fisken vart denne dagen fri frå pinsla, og Bjørn vart ein god røykelaks rikare. Dette må vel kunne kallast ein god dag på jobben.

 

(Foto: Audny Myklebust)

     

Tilbake