SVÆRT GOD BASARSTEMNING I GRENDAHUSET 13.10.2012

barmen.no: Håvar Fagerli  14.10.12   

Pengane og smilet sat laust då bygdelaget inviterte til basar laurdag 13.oktober 2012. Det vart ny basarrekord i nyare tid med 60 frammøtte. Bygdelaget takkar alle som møtte opp, og alle som gav gevinstar til basaren. (Foto: Håvar Fagerli)

 

Basar. Klikk på biletet for større format. (Foto: Håvar Fagerli)

 

Fleire lokale bedrifter og mange av dei frammøtte gav gevinstar til basaren. (Foto: Håvar Fagerli)

 

Barmøy bygdelag takkar alle som bidrog med gevinstar til basaren. (Foto: Håvar Fagerli)

 

Dramatikk: Det var stort dramatikk då ei av årane på mystisk vis forsvann. Folk leita i heile grendahuset, men ingen hadde den gule åra. Det har endå ikkje lukkast nemnda å finne den forsvunne åra. - Dette blir reine påskekrimmen, sa ein av dei tilreisande basardeltakarane. (Foto: Håvar Fagerli)

 

Det er ikkje fruktkorga som er den mest ettertrakta gevinsten på basaren på Barmen. (Foto: Håvar Fagerli)

 

MNemnda hadde pynta etter årstida. Det var denne dagen ein flott oktoberdag, med sol frå klår himmel. Det var difor ei lita utfordring for nemnda å halde basardeltakarane inne i basarlokalet. (Foto: Håvar Fagerli)

 

Ein skikkeleg korgefest med fantastisk god mat. Takk for mat, alle saman! (Foto: Håvar Fagerli)

 

Maten og kaffien er eit av hødepunkta som fleire gledde seg til på basaren. (Foto: Håvar Fagerli)

 

Styret i Barmøy bygdelag vil takke alle som møtte opp, gav gevinstar og kjøte lodd på basaren, der inntektene går til drift av grendahuset som vi er så glad i.

 
Takk til følgjande bedrifter som sponsa oss med gevinst:

Byggern Selje

Wik Daglegvarer

Nabben Pryd og mote

Flatraket Bygg

Coop Selje

Fiskevegn AS

Kaibutikken
     

Tilbake