Barmøy bygdelag takkar for tida saman, og ynskjer lukke til vidare!

barmen.no: Håvar Fagerli  14.07.09   

Ruuf, Ebbe, Gils, Gabriëla og Gerard fllyttar til Frøya. (Foto: Hanne Marie Utvær)

Jonsokaftan var heile øya samla på Røyset for å ta farvel med Ruuf, Ebbe, Gils, Gabriëla og Gerard. Den kreative og positive familien flyttar i sommar til Frøya. Barmen misser med det fem flotte sambygdingar.

 

Etter fire år på Barmen må familien flytte på grunn av jobbsituasjonen i distriktet. Både Gerard og Gabriëla er utdanna musikarar, og har på dei fire åra ikkje fått faste stillingar her i distriktet.

 

Frøya i Sør-Trøndelag såg fort kva ressurspersonar Gerard og Gabriëla er. Frå hausten er Gerard tilsett som dirigent, messingpedagog og handverkslærar ved ein kulturskule og ungdomsskule på Frøya. Kommunen oppretta òg ei 100 prosent stilling til Gabriëla som musikklærar. 

 

Gerard Rooker seier til Fjordenes Tidende at det blir rart å ta farvel med øya og folket her, og tenkjer tilbake til då familien kom til Barmen for første gong:

 

- Eg hugsar eg sa: ”Slik skal det vere. Dette er vår plass.”

 

Barmøy bygdelag takkar for innsatsen familien har lagt ned for Barmen, og ynskjer dei lukke til på Frøya.

 

Og om nokre frå Frøya les dette: De er svært heldige som får denne familien opp til dykk.

 

Her kan de lese reportasjen i Fjordenes Tidende: Side 1   Side 2

Heile gjengen samla til fotografering.  (Foto: Hanne Marie Utvær)

Grilling ved nasuta på Røyset.  (Foto: Hanne Marie Utvær)

     

Tilbake