FRÅ BARNE-TV TIL BARMEN MED BOKBÅTEN

barmen.no: Håvar Fagerli  09.03.08   

Lille Blå og Ulrik Mus, som tidlegare har vore stjerner i Barne-TV, var eit populært besøk då dei kom til Barmen saman med bokbåten og Kjell Matheussen. 

Kjell Matheussen frå Dårekisten Teater hadde med seg fleire figurar. Det var tydeleg at tetaterframsyninga "Lille Blå og bløtkaka" fall i smak.

- Skikkeleg artig, var ein av kommenatarene frå ein av dei mange borna som hadde gleda seg i fleire månader til dette besøket.

Bokbåten Epos besøkjer Barmen to gongar i året, og er eit av høgdepunkta til både små og noko større øybuarar. Tilbodet er blitt så populært at fleire no òg tek turen over frå fastlandet for å oppleve det flytande biblioteket.

Epsos er lasta med både spanade bøker og underhaldning. Denne gongen var det Dårekisten Teater som underheldt dei 30 godt fornøgde tilskodarane.

Her kan du lese meir om Dårekisten Teater.

Her kan du lese meir om bokbåten Epos.

Her kan du lese frå bokbåtbesøket 2005.

Her kan du lese frå bokbåtbesøket 2006.

 

 

     

Tilbake