60 GLADE MENNESKE FEIRA 17. MAI PÅ BARMEN (17.05.2012)

barmen.no: Håvar Fagerli  17.05.12   

Regnet gjorde at meir eller mindre dagsaktuelle paraplyar måtte leitast fram. (Foto: Håvar Fagerli)

Flatraket skulekorps marsjerte i land klokka 13.40. (Foto: Håvar Fagerli)

Innbyggjarane på Barmen er svært glade for at Flatraket skulekorps gjer det enkelt å halde takta under 17. mai-toget. (Foto: Håvar Fagerli)

Tradisjonen tru snur toget i den første svingen i Barmen. Tradisjonar gjer at ein får god trening, og vendinga 2012 gjekk knirkefritt. (Foto: Håvar Fagerli)

Leiaren i grunneigarlaget og den tidlegare varaordføraren i Selje sytte for flaggborga. (Foto: Håvar Fagerli)

Nora og Ellen Synnøve gjorde ein svært god jobb som drilltropp (Foto: Håvar Fagerli)

"Hei, hipp, hei, hipp, hipp, hurra for 17. mai!" (Foto: Håvar Fagerli)

Frode Fagerli fekk med seg heile toget til tre gonger tre hurra for Barmen og Flatraket skulekorps. (Foto: Håvar Fagerli)

Leiar i Barmøy bygdelag, Kariann Fagerli, takka Flatraket skulekorps for eit godt samarbeid, der korpset spelar, og bygdefolket går i toget. Invitasjonen til neste år vert levert, og korpset marjerte ombor i ferja tiul velfortent is og ei lita pause.  (Foto: Håvar Fagerli)

Festkledde til all slags vêr. (Foto: Håvar Fagerli)

Også bilane likar tog 17. mai. (Foto: Håvar Fagerli)

Norunn Solheim Solvåg heldt ei svært inspirerande, varm og god tale for dagen. (Foto: Håvar Fagerli)

Borna song "Ja, vi elsker dette landet". (Foto: Håvar Fagerli)

Morosame sketsjar hausta latter frå salen. (Foto: Håvar Fagerli)

Kornett-spel, song og drill. (Foto: Håvar Fagerli)

Korgefest er alltid kjekt. Mykje god mat! (Foto: Håvar Fagerli)

Nemnda hadde laga ei artig rebusløype. (Foto: Håvar Fagerli)

"Kor mange er det i glaset?" (Foto: Håvar Fagerli)

Å kaste svampar på vaksne er alltid kjekt, i alle fall om dt er faren som er målet. (Foto: Håvar Fagerli)

Fulltreffar! (Foto: Håvar Fagerli)

Ein kombinasjon av rå styrke og presisjon er ein suksess. (Foto: Håvar Fagerli)

Eit tradisjonelt vareutval viste seg å vere ein suksess. (Foto: Håvar Fagerli)

Vi har truleg ein av dei sprekaste postmennene i landet. (Foto: Håvar Fagerli)

Premieutdeling der premien bit frå seg avslutta ei flott markering av nasjonaldagen 2012. Tusen takk til nemnda og Flatraket skulekorps for eit supert arrangement. (Foto: Håvar Fagerli)

     

Tilbake