BINGOSUKSESS I GRENDAHUSET

barmen.no: Håvar Fagerli  25.04.11   

Djup konsentrasjon under påskebingoen. Dei med skarpe auge og godt minne kan sjå at samtlege stolar i grendahuset var i bruk. Til og med dei stolane som ikkje har vore i bruk sidan då det var venteliste på juleborda, vart tørka støv av. Barmen.no førte manntal over kor mange som var innom grendahuset denne skjærtorsdagen i 2011. Det viste seg at øya med mellom 30 og 40 fastbuande hadde 89 deltakarar på påskebingoen.

Arnhild...

... og Audny sat i hovudkomiteen, og styrte bingoen med hard hand.

Til og med ein læregut fekk prøve seg som opplesar. Nils kom godt i frå eksamenen, og fekk vere opplesar i fleire omgangar.

Sølvi med fleire styrte kjøkenet, og trakterte alle dei 89 bingodeltakarane kaffi og brus. Grunna det store oppmøtet vart det innført rasjonering på kakene. Kvar bingodeltakar fekk eitt kakestykke kvar.

Tusen takk til alle som deltok på bingoen! Det kom inn over 6.500 kroner. Dette skal brukast til det nye kjøkenet i grendahuset.

     

Tilbake