17. MAI 2011

barmen.no: Håvar Fagerli  17.05.11   

17. mai 2011 starta med kraftige regnbyger.

Små musikantar frå Flatraket skulekorps er spente på kva som møter dei på den vidgjetne øya.

Heldigvis torer dei seg i land.

Kjekt med russ!

- No kjem dei!

Det er ikkje lengda det kjem ann på.

Millimeterpresisjon når toget tek ein U-sving.

Hipp hurra!

Korpset fekk god hjelp frå to lokale drilljenter. (Dei to i frakk leia flaggborga, og gjorde ein god jobb dei òg)

Flatraket skulekorps sytte for flott marsjmusikk.

Nokon ofrar alt for "Stavenes". Til og med å bli fakka av bunadspolitiet.

Arild dirigerer med stø hand.

God stemning på ferjekaia.

Ekstranummer på ferjedekket. Ferja prøvde å fløyte med.

Ivrige fotografar er det fleire av på Barmen.

Nemnda hadde pynta fint til feiringa i grendahuset.

Artig underhaldning med morosame sketsjar.

Framføring av heimelega dikt til 17. mai.

Sigird les dikt for dagen.

God mat.

Dagen enda godt, med sol frå klår himmel.

Pilkast er ei tradisjonell tevling.

Det er òg hesteskokasting.

Denne har god retning.

Den harde dommen.

Sidan sola kom fram, fekk borna likevel lov til å kjøpe is.

Hjorten har ein spanande haust i møte.

Hadde fotografen pussa skoa betre, kunne kanskje han òg få ansiktet avbilda her.

Kappløp med full innsats.

Det går fort når jentene spring potetløp...

...og det går kanskje litt for fort når gutane spring.

     

Tilbake