Barmen.no

 

Barmøy bygdelag Foto: Håvar Fagerli
Barmøy bygdelag 6715 Barmen
Barmøy Gjestehus inviterer til mat og moro

Barmøy Gjestehus opnar 14. februar 2014.

(Foto: Håvar Fagerli)

(11.01.2014): Tove og Tor Ivar ved Barmøy Gjestehus inviterer heile øyfolket, både fastbuande og hyttefolk, til opning av Barmøy Gjestehus.

Tove og Tor Ivar skriv i invitasjonen til øyfolket at opninga vert 14. februar klokka 1900. Det blir servert eit lett måltid med nogo attåt.

 

Barmøy Gjestehus har laga eit øyprogram for 2014 (for fastbuande og hyttefolk) med tre ulike aktivitetar.

 

Leikegrind for store og små.

Dette er ein kombinasjon av sosialt samvær med ulike praktiske og teoretiske aktivitetar. Deltakarane vert delt inn i lag, og vinnarlaget vil ved slutten av 2014 få napp i Gjestehuset sin vandrepokal. Leikegrindene startar klokka 1900. I 2014 er det planlagt Leikegrind 14. februar, 29. august og 10. oktober.

 

Søndagsmiddag

Barmøy Gjestehus opnar i år restauranten, og startar sal av søndagsmiddag med drikke til. Dørene opnar klokka 1500. Ein kan kjøpe middag på følgjande dagar: 30. mars, 25. mai, 14. september og 9. november.

 

Juniorklubb for borna på øya og i nærområdet.

Barmøy Gjestehus vil legge til rette for aktivitetar av ulike slag ute og inne. Juniorklubben startar klokka 1700. Det blir Juniorklubb på følgjande dagar: 14. mars, 14. april, 6. juni og 26. september.

barmen.no © 2017

Sida er utforma av ein fjellar