Barmen.no
Foto: Håvar Fagerli
Barmøy bygdelag
6715 Barmen
Barmøyferja var hovudaktør i storøving
Meir om Barmen og ferjetilbodet.
Foto: Håvar Fagerli
barmen.no: Håvar Fagerli (fjellar.no)
12.02.2016
Barmøyferja spelte hovudrolla som skadestad då naudetatane frå Selje, Vanylven, Eid og Stryn gjennomførte ei storøving i Selje 8. februar 2017.
På naudradion kom det melding om at Barmøyferja hadde mista styringa og grunnstøytt med stor fart. Det var fleire skadde ombord og i samanstøyten tok det til å brenne under dekk. Ein dramatisk situasjon, men heldigvis berre eit øvingsscenario.
Barmøyferja med mannskap var spurde av Selje brannvern om å spele skadestad under øvinga, som er den første av sitt slag i regionen. Barmøyferja kombinerte dette med si eiga øving, og i tillegg fekk både politi, brannvern og helse kjennskap til ferja. Så dette var ein vinn-vinn-situasjon.
Øvinga gjekk føre seg ved kaia til Selje trevare, og over 30 personar frå politi, brannvern og helse deltok i øvelsen. Ombord i ferja var det plassert to bilar, der det låg skadde personar. Ut av ferja kom det kvit røyk frå ei røykmaskin. Og heile tida ula brannalarmen ombord i ferja. Uhyggeleg om dette hadde vore ein reell situasjon, men det var likevel godt å sjå kor dyktige alle aktørane er om uhellet skulle vere ute.
Sjølve øvelsen var leia av kyndige instruktørar frå Stiftinga Norsk Luftambulanse. Dei fortel til barmen.no at øvelsen har fokus på effektiv leiing og kommunikasjon dei første minutta på ein skadestad. Kurset inngår i TAS, Tverretatleg Akuttmedisinsk Samarbeid, og trenar personell frå både helse, politi og brannvern på å vere skadestadsleiar.
Barmen.no sin utsende kan forsikre alle framtidige passasjerar av Barmøyferja og alle andre, at både mannskap og alle naudetatar ser ut til å takle eit eventuelt uhell svært bra. Ein kan også merke seg at Barmøyferja no er blant dei mest gjennomøvde bilferjene i regionen. Så det betyr at ein trygt kan ta ferja til Barmen.
Under finn de video og fleire foto frå øvinga.
(Klikk på bilda for å sjå dei i større format)
Matros Tor Ivar Østreng oppteken med evakuering frå ferja.
Foto: Håvar Fagerli
Det var godt med røyk i salongen under øvinga. Det kunne sjå ut som vi var tilbake til tida med røykesalong ombord.
Foto: Håvar Fagerli
Det var rullering mellom politi, brannvern og helse på å vere først til skadestaden, og etter kvar sekvens samlast alle til evaluering og erfaringsutveksling.
Foto: Håvar Fagerli
Medan nokon var i aksjon med leiing og redning, kunne andre følgje med frå sidelinja medan dei venta på sin tur.
Foto: Håvar Fagerli
Ambulansepersonellet kom først til skadestaden denne gongen, og leia aksjonen med stødig hand frå land.
Foto: Håvar Fagerli
Røykdykkarane frå Selje Brannvern gjennomsøkte ei røykfylt ferje.
Foto: Håvar Fagerli
Eit godt døme på det gode samarbeidet.
Foto: Håvar Fagerli
Mannskapet på ferja bidrog med fleire innspel til instruktørane frå Norsk Luftambulanse.
Foto: Håvar Fagerli
Ei av utfordringane var å få skadde personar ut av bilane.
Foto: Håvar Fagerli
Brannvesenet i Eid og Selje samarbeider godt allereie. Are Haavard Fagerli og Geir Petter Hatlenes.
Foto: Håvar Fagerli
Barmøyferja fekk også øvd på utsetjing av redningsflåten.
Foto: Håvar Fagerli
Alltid klar til innsats.
Foto: Håvar Fagerli
Legen prioriterte dei skadde, og kva rekkjefølgje dei skal arbeidast med. På ein skadestad gjeld det å handle raskt og i rett rekkjefølgje.
Foto: Håvar Fagerli
Dagleg leiar ved Barmøyferja AS, Stig Evjen (bak), deltok også på øvinga.
Foto: Håvar Fagerli
Tverrfagleg erfaringsutveksling.
Foto: Håvar Fagerli
barmen.no © 2017
Sida er utforma av ein fjellar