Barmen.no
Foto: Håvar Fagerli
Barmøy bygdelag
6715 Barmen
Grendahuset i ny drakt
Meir om Barmen og ferjetilbodet.
Foto: Håvar Fagerli
barmen.no: Håvar Fagerli
07.08.2016
Grendahuset har hatt gode dagar i sommar. Det toppa seg med nymåling den første veka i august. I tillegg er nytt inngangsparti under arbeid og parkeringsplassen er allereie utvida.
Med dugnadsleiar og målarmeister Tor Ivar i spissen har bygdefolket dei siste dagane stelt svært godt med grendahuset dei er så glade i. Heile huset er no nymåla, og ligg berre og smiler attmed Fjellvatnet.
Ein dugnadsgjeng er òg godt i gong med å lage nytt inngangsparti til huset. Planen er at det det skal no bli enklare for rullestolbrukarar å kome seg inn i huset.
Tidlegare i år har Barmen Maskin AS bygd ut parkeringsplassen ved huset.
Dugnadsfolket vart trakterte med både kaffi, sveler, pølser og is.
Foto: Kariann Fagerli
Å finne farge til eit grendhus kan vere ei utfordring. Barmen.no anbefalar lesarane å sjå huset med eigne auge før dei rettar eventuell kritikk av fargevalet.
.Foto: Håvar Fagerli
Barmen Maskin AS har opparbeidd ein flott og stor parkeringsplass ved Grendahuset.
Foto: Håvar Fagerli
barmen.no © 2017
Sida er utforma av ein fjellar