Barmen.no
Foto: Håvar Fagerli
Kino i Barmøy grendahus laurdag 21.11.2015
Klokka 1415: Julekongen - Full rustning (Ferje frå Barmsund klokka 1335)
Klokka 1700: James Bond: Spectre (Ferje frå Barmsund klokka 1630)
Kino i Barmøy grendahus laurdag 21.11.2015
Klokka 1415: Julekongen - Full rustning (Ferje frå Barmsund klokka 1335)
Klokka 1700: James Bond: Spectre (Ferje frå Barmsund klokka 1630)
På biletet ser vi Fjellvatnet på Barmen ein novemberdag i 2015. (Foto: Håvar Fagerli)
Idedugnad for friluftslivet i kommunen, torsdag 26.11. på Barmen
(22.11.2015): Selje kommune og Barmøy bygdelag inviterer til idedugnad for friluftslivet i kommunen i Barmøy grendahus torsdag 26.11.2015 klokka 1700. Målgruppa er alle som er interessert i natur og aktivitet ute. (ingen aldersgrense!) Dette blir som ei avslutning på friluftslivets år 2015...og kanskje starten på nye og spanande samarbeid? Vi skal og våge å draume stort! Komme med ville idear og ha det kjekt ilag! Ordføraren og Ytre Fjordane turlag vil delta på møtet. Alle er velkomne!
KULTURELL HELAFTEN I REGI AV GJESTEHUSET
(07.11.2015): "Det har vel ikkje vore slik allsong i grendahuset sidan det var misjonsbasar i gamle dagar" (sitat: ein lystig barmar på dansegolvet). Og årsaka til denne allsangen var artisten Lizz som i regi av Barmøy Gjestehus holdt konsert i grendahuset laurdag 7.november.
Før konserten og dansen vart det servert klubb/ball/komle/kompar/raspeball med godt tilbehør, sjølvsagt servert på borda som var dekka med kvite dukar og med stetta glas.
Ein godt rutinert festdeltakar sa at han ikkje kunne hugse å ha opplevd liknande i grendahuset.
Takk til Barmøy Gjestehus og Lizz for ein flott kveld i raspeballen og musikken si ånd smile fjes Vi håpar på reprise.
Høyr og sjå meir frå Lizz her.
Barmen er det mest attraktive friluftsområdet i Selje kommune
(07.08.2015): Selje kommune skriv på sine nettsider: "Barmen er stemt fram av folket og har no tittelen: Mest attraktivt friluftslivsområde i Selje kommune! Gratulerer! Sjå og les meir om Barmen her eller gå inn på www.barmen.no. Men beste opplevinga får du om du tek turen sjølvsagt!"
Flott 17. mai 2015 med mykje folk og godt vêr
(17.05.2015): Dårlege vêrmeldingar vart gjort til skamme, og det gode vêret la saman med Flatraket skulekorps ei fin ramme rundt feiringa på Barmen. Klikk her for å sjå bilete frå feiringa på Barmen 2015.
Bokbåten la til kai for siste gong...
(22.03.2015): Sogn og Fjordane fylkeskommune har bestemt at dei skal legge ned bokbåten i fylket. Laurdag 14. mars la bokbåten «Epos» til kai i Barmen, og mykje tyder på at dette vart siste gongen. Likevel er det fleire som ikkje gjev opp kampen for å oppretthalde det flytande biblioteket i Sogn og Fjordane. Les meir.
Knallhard kamp om tittelen
(22.02.2015): Denne veka har vi hatt Blåmåndag,feitetysdag, askeonsdag og sist men ikkje minst Ludotorsdag. Klokka 17.00, etter at både Bjørgen og Northug hadde spurta i mål, møtte nærare 30 stk opp, både små og store , for å kjempe om tittelen Barmamester i Ludo. Reglane var bestemt på førehand, så det fans ikkje rom for diskusjon. Eter at alle på deltakarborda hadde lese gjennom reglane, så var kampen i gang. Nokre reglar var meir viktige enn andre, mellom anna at det ikkje var lov å jukse, ikkje hyle dersom ein gjekk på eit surt tap, og at ein måtte skaffe vikar om ein t.d. måtte på jobb, i fjøs eller på do.
Innsatsen var upåklageleg, og etter to innleiande rundar, sto vi att med finalekampen der Olaug,Hanne Marie, Daniel og Ellen skulle kjempe om heder og ære. Det vart ein spennande finaleomgang, og tilslutt var det Olaug som gjekk sigrande ut av kampen. Ho hadde spelt ein tøff omgang med tårn rund nesten heile brettet.
Folk ser no fram til neste spelekveld, og ein skal ikkje sjå vekk frå at det kanskje vert høve til eit aldri så lite «After-Ludo», eller Postlud(o)ium som nokon så passande hadde funne ut at det heitte.

Kommuneplanar, mobildekning og breiband
Selje kommune har lagt ut program for arealdel av kommuneplanen på høyring. Dei har og lagt ut kommuneplanen sin samfunnsdel på høyring. Fristen gjekk ut 31. januar, men det er opna for å kome med innspel etter fristen pga at fleire ikkje har fått med seg denne høyringa.
Lenkje til kommuneplan, samfunndel.
Lenkje til kommuneplan, areal.
Lenkje til kartlegging av mobil- og breibanddekning.
Nettsida til Barmøy bygdelag starta opp i 2003. Mykje har hendt sidan den gong, og i arkivet kan ein leite seg tilbake på fleire måtar. I 2003 starta redaksjonen med blanke ark, og det har difor ikkje blitt eit godt arkiv med søkjefunksjon. Sida har òg endra utsjånad og struktur mange gongar desse åra. Vi håpar at du likevel greier å bla deg tilbake i historia til barmen.no. Er det noko du meiner manglar, er det berre å ta kontakt med redaktøren.
Her kan de gå tilbake til nettsida slik ho var i 2013.
Her kan de sjå nyhende frå 2003
Nedanfor kan de bla dykk gjennom nyhende frå juli 2004- desember 2013:
barmen.no © 2017
Sida er utforma av ein fjellar